Kunsten å feike arabisk

Kunsten å feike arabisk

ei forteljing om autisme

Beskrivelse av boken

Ei forteljing om autisme

«Ein del av meg døydde. Ein annan del byrja endeleg, endeleg å leve.»

I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går.

Då journalisten og forfattaren Lina Liman fekk diagnosen som vaksen, hadde ho vore pasient i psykiatrien i sju år. Ho hadde møtt nesten hundre legar, vore tvangsinnlagd og gått på sterke medisinar. At det tar svært lang tid før ei kvinne med autisme blir greidd ut, er ikkje uvanleg. Ofte blir autisme hos kvinner ikkje oppdaga i det heile tatt.

Kunsten å feike arabisk er ei gripande og engasjerande forteljing om korleis det er å leve med autisme, og korleis ein diagnose kan forandre livet.

Boka er omsett til norsk av Olaug Nilssen.

Lina Liman (f. 1980) er journalist med bakgrunn frå Dagens Nyheter og Östgöta Correspondenten. Ho har også skrive den sjølvbiografiske När mörkret kom - en bok om anorexia (2000). Sjølvbiografien Konsten att fejka arabiska kom i 2017.

Sagt om Kunsten å feike arabisk:

«I Kunsten å feike arabisk skisserer Liman ei kronologisk forteljing om livet sitt med personlege skildringar av korleis autismen hennar kjem til uttrykk. [...] [Ho gjer] ein viktig folkeopplysingsinnsats. Utan å forenkle avdramatiserer ho autisme.»
Anna Andersson, Aftonbladet

«Autismens paradoks, fabelaktig fortalt.»
Anders Kapp, Kapprakt

«Liman skriv seg, både pedagogisk og poetisk, gjennom barndommen, tenåra, anoreksien og alle forsøka sine på å prestere og vere «normal» [...] Kunsten å feika arabisk skriv seg inn i ein tradisjon av tekstar om kvinneleg psykisk, ofte misforstått, liding.»
Maria Edström, Expressen

Norsk (Nynorsk)

Hva andre tenker om boken

Anmeldelser av Kunsten å feike arabisk